Inkåleisi i Sogn

Sjølvom påsken forlengst er over, soloen drukket opp og appelsinen fordøyd er det allikavel gøy å tenkje tilbake på den fine påsketida. Som i Ingrid sitt innlegg for 2 vekar sidan kjem det her ein litt meir detaljert forteljing av påsketida mi. For medan resten av landet slappa av ved hytta, gjorde me i Sogn noko anna…

Påskeslusj, påskefjell, påskesol og påskebrun. Kan det bli betre?

 

Toppen i siktet

Det er ein stille og kald påskemorgen oppå Sognefjellet, idet 6 venner og eg parkerer bilane ved Turtagrø Hotell. Me stig ut av bilen og ser utover det majestetiske alpine landskapet som ligg mot aust, Hurrungane. Stolt, kolossalt og vakkert stikke desse pyroksengranulittoppane seg fleire hundremeter over resten av dette is- og snøbelagte høglandskapet. Sola har begynt å varme opp desse toppene og den kalde lufta som har sovet over breen lenger oppe, flykter nedover i terrenget og over den skyggebelagte parkeringsplassen. Den stryker oss over dei nystussa skjeggstubbane og river i dei hullete ullkleda våre. Vinden fortsetter sin ferd vidare nedover dalen og mot fjorden, der me kjem frå. Men me skal andre vegen, oppover, mot fjella, mot dei solbadande toppane.

Me set i gang. Feller skal på, topptur/telemarkskoa skal på og sekken skal pakkes. Sidan det ikkje er ein sky å sjå leggast ”skibroki” i sekken saman me ulloverdelen. Sola kan bli hissig her oppe og da er det lurt å smøre seg med litt solkrem. Eg strekker meg ned i sekken og gler meg til å marinere huden i nokre edle dråpar, Nivea Sunlotion faktor 20. Når eg retter på ryggen møter eg 6 par auger som stirrer på tuben og nærmast dytter den tilbake i sekken. Slikt drive me ikkje med her oppe, får eg streng beskjed om. Niveaflaska blir kasta inn i bilen og eg veit eg har ein date med Nivea Aftersun og ei søvnlaus natt i vente. Etter ein nyttelaus sjekk om nokon har med seg skredsøkjar er me klare for å gå.

Dagens «outfit»

 

7 barske, fjellvante, værharde lustringar. 6 tidlegare (toppidretts)langrennsløparar og ein eks-nederlendar. Nokre delvis påkledd, andre berre iført ein oppbretta badebrok. Nokre med skjegg, mange utan. Me skal opp den haugen, bortover den flata og ned igjen frå det fjellet. Sveitt i panna, solbrent på brystkassa og sliten i beina skal me bli. Åpningstempoet kan beskrives som ”lett jogg med ski på beina”, og ein må nærmast hoppe mellom kvart steg. Første flata inn mot stigninga går fint, og sjølv om klampen er i botn haldar eg greitt følgje. Kroppen kjennes fint og pusten er ikkje altfor gale. ”Det er i motbakke det går oppover” seies det, og det gjer det. Med 120 steg og 546 hjartebank i minuttet slit eg meg opp den første haugen der me har vår første pause. To kjappe slurkar vatn før det bere vidare oppover. Venstre, høgre, venstre, høgre, opp bort fram.

Eg går opp i ein konstant dvale av utmatting og oksygenmangel, med eit kvitt lys langt der framme. Naturgeografien og landformar bryr eg meg ingenting om i denne totimars lange overlevingstilstanden. Eg når toppen på 1:58:43, for ja, så nøyaktig må me vere. Kroppen skrik etter næring, og 300 gram nøttemiks, ein liter vatn og tre pakkar Kvikklunsj roar svolten seg. Det er først no ein kan sjå seg rundt. Med eit smil om munnen legg eg ut om botnbrear og moreneryggar, medan me gjer oss klar for nedoverturen. I grove trekk legg eg ut om korleis dette landskapet er forma og kva som er gamle og nye landformar. Himlande med auga høyrar turfølgjet på meg.

…. mot toppen

Dei avbryt meg midt i min naturgeografiske eufori ved å kjøre ifrå meg. Sjølv om eg gjerne kunne ha stått der resten av dagen må me nok ned igjen. Dei første tre svingane er det litt Bambi-stil over, og det tek ein stund før det lausnar. På påskeslusjen kosar skia seg gjennom svingane og blir eitt med skikjøraren. Småhopp hoppes og småstein unngåast. Eg kjenner den friske fjellufta, solstrålane og smaken av litt Kvikklunsj som har satt seg fast mellom to jekslar. Aaaah, påske, tenkjast det før nedoverturen er over. Gruppa samlast og gjer seg klar til å slite seg opp eit nytt fjell. Berre 4 dagar igjen av påska, tenkje eg, før eg igjen går i overlevingsmodus….

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s