Romania, Predeal AC2014

”Tom, har du lyst å reise på EGEA sitt Annual Congress i Romania?” ”Ja” svarte eg, velvitande om at Bucuresti er hovudstaden, men veldig uvitande om resten av landet. Med all den kunnskapen i botn var eg klar for Romania og nye eventyr!

Flyavgang laurdag 13.09, klokka 06:30. Hadde selvfølgeleg heilt gløymt at ein må vere på flyplassen i god tid før avgangen, så medan heile Bergen fiksar nachspiel, sneik eg meg til Flesland. Turen ned gjekk overraskande fint, men det er først når du må kommunisere med lokalbefolkninga at ting blir krevande. Sidan eg ikkje er så stødig på rumensk blei hendar, bein og lydar mitt språk. Først var det ei dame som kom bort med ei utringning djupare enn Sognefjorden og tilbydde meg ei taxitur til togstasjonen for 40 euro. Sjølvom det frister litt å bli med denne rundt 60 år unge dama, takkar eg høfleg nei. Etterkvart fekk eg hjelp av ein sikkerheitsvakt som satt meg på rett buss til togstasjonen.

tom ,

Fin Cumulonimbus

Etter ein vakker 2 timars togreise mellom Bucuresti og Brasov hoppar eg av på ei forlatt stasjon med namnet ”Predeal”, kor hotellet ligge i Predeal forblir uklart. Eg ser to like undrande sjelar 50 meter bortfor meg, og heldigvis skal desse same sted og har eit kart! Sjølvom nordpil og målestokk mangla fann me tre geografar tilslutt fram til ”Belvere Hotell” og var klare for ei veke med diskusjonar, tørt stoff og tidleg leggetid, eller det var det eg trudde.

Tom 2

Utsikten ifrå toget

Eg hadde hørt litt om kva Bård hadde opplevd året før, men AC (Annual Congress) og GA (General Assembly) må oppleves for å skjønne noko i det heile tatt. For det første blir det brukt veldig mange forkortingar og for det andre var diskusjonane er som regel så intensive og lange at eg sleit med å halde følgje. Sidan EGEA er delt opp i 4 forskjellige regionar var det i tillegg ein intern maktkamp som foregjekk. Alt dette følte eg meg litt for uerfaren til og lot dermed vere å diskutere og fokuserte på det som var viktig. Det som var viktig var stemminga som foregjekk nest siste dagen. Her fekk du tre lappar med dei tre trafikklysfargane og måtte da stemme om ein var for, likegyldig eller imot. Eg trur eg gjorde da rett…

Tom 3

Så var det kveldsprogrammet. Her var det ein blanding av forskjellige tema-festar, dansar og forestillingar. I tillegg har EGEA forskjellige sangar og dansar som blir gjennomført for kvar AC. Blant desse var det ein mengde Bollywood sangar, ein eller anna form for Linedance og den klassiske ”me plukkar opp ein haug med stolar og hoppar rundt med desse over hovudet”. Første gangen syntes du det er litt rart, andre gangen er du med for fullt! Eg trudde eg viste kva dette skulle gå ut på, eg tok feil. Fordi når du puttar 200 jamn gamle studentar i eit hotell skjønnar du at partyfaktoren blir høgt. Legg på ”ved høgfjella i Romania” og teikninga er teikna.

tom 4

«Me plukkar opp ein haug med stolar og hoppar rundt med desse over hovudet»

For å oppsummere litt var AC2014 noko eg absolutt ikkje ville gått glipp av. Eg ha stifta bekjentskap med folk frå alle krokar og hjørnar rundtom i Europa, blitt invitert til alle dei krokar og hjørnane og fått ei mengde gode opplevingar. Så om du har lyst å bli med på sånne turar og møte andre studentar rundtom i Europa, BLI MED I EGEA!

Ta kontakt på Bergen@egea.eu og ta ein titt på http://www.egea.eu

Forfatter: Tom Fransen

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s